Hovudside Flatøy skule   

 
  Kjempeflott markering av 17. mai på Flatøy
Publisert 18.05.2010
 
Stort frammøte og stor stemning frå start til mål prega feiringa av 17. mai på Flatøy.
 
 


Tradisjonen tru starta 17.maifeiringa med tale for dagen. I år var det tidlegare rektor Bjørn Tveit, som haldt talen. Like etter talen starta 17.mai-toget. Grasdal skulekorps spelte undervegs, mens barn og vaksne ropte hurra og song med til den flotte musikken.

Etter at ruta rundt Flatøy var unnagjort, var det tid for leik og spel, kaffe og kaker og mykje meir på skuleplassen.

Elevar frå småsteget framførte sitt 17.mai potpurri, medan heile skulekoret var med og song Nordhordlandsongen saman med komponisten sjølv, Bjarte Leithaug.

Dagen vart som vanleg avslutta med fotballkamp mellom elevar frå 7.klasse mot foreldra. Det vart eit tett og morosamt oppgjer, der dei eldste til slutt fekk vist at dei framleis er eldst.

Bergens Tidende var til stades og laga ei flott reportasje om 17.mai-feiringa på Flatøy.
Dei spør om dette kanskje var den siste 17.mai-feiringa på Flatøy sidan skulen vert lagt ned.
Vi håper og trur at Flatøy-bygda vil ta vare på denne flotte tradisjonen, slik at det vert 17.mai tog og feiring her også i framtida.

 


  17.mai-programmet her
 
Til toppen