Hovudside Flatøy skule   

 
  Fin adventsamling
Publisert 27.11.2009
 
Fredag 27. november hadde vi årets første adventsamling her på skulen. Heile skulen var samla i Nord-stova, og det var elevane i 5. og 6. klasse som hadde ansvaret for samlinga.
   
Nå er den hellige time
vi står i stjerneskinn
og hører klokkene kime
nå ringes julen inn

Adventsamlinga vart opna med at elevane i 5. og 6. klasse sang "En stjerne skinner i natt". Dei sang også Carola sin "Himlen i min favn".

Etter desse innslaga vart det lystenning og allsong.

Etter adventsamlinga avslutta vi leseaksjonen. Les meir om det her.

Neste adventsamling blir fredag 4. desember, og da er det 7.klasse som har ansvaret.
Fredag 11. desember tenner vi 3 lys i Sør-stova hos 3. og 4. klasse. Det fjerde adventslyset tenner vi måndag 21. desmber, og da er det 1. og 2. klasse som inviterer til den siste adventsamlinga.

En stjerne skinner i natt  |meoldi|
Himlen i min favn (tekst)
Tenn lys (tekst) |melodi|
                                                 Bilete: Vakker song frå elevane i 5. og 6. klasse (Foto: Espen)


 


   
 
Til toppen