To gonger i året besøker
bokbåten Epos både øyar ytst i havgapet og bygder inne i fjordane.
Sist
gong Epos besøkte oss var i april. No er det tid for å finne fram
bøkene vi lånte sist, og levere dei inn slik at vi kan få lånt nye
bøker.
Bøkene kan som vanleg leverast inn på skulebiblioteket fram mot 5.
november.Som
kulturprogram på nordturen har Epos med seg den prisløna
forfattaren og illustratøren Sissel Horndal. I programmet
Himmelspringaren fortel og syner ho bilete frå boka
Himmelspringaren. Sissel Horndal har illustrert ei mengd norske og
samiske bøker og debuterte som illustratør til kokeboka Ro, ro til
fiskeskjær (1998). Ho har skrive og illustrert biletbøkene Ei
halspastillhistorie (1998), Eg er ikkje trøtt! (2000),
Himmelspringaren (2008).
Kulturprogramma på bokbåten er eit samarbeid med Den kulturelle
skulesekken i Hordaland, og får støtte frå Folkeakademiet.
Himmelspringaren er for elevane på småsteget.
Programmet på bokbåten
startar kl. 12.15
Vi dreg direkte frå Kroppsøving på Meland Aktiv til bokbåten.
Elevane på mellomtrinnet får besøke bokbåten frå klokka 13.00 - 14.00
Leseaksjon på Flatøy i
heile november
Flatøy skule har leseaksjon i heile november månad, og besøket på
Bokbåten går inn i eit rikhaldeg program for heile aksjonen. Meir info
om leseaksjonen kjem. |

Bilete: Ivrige boklånarar frå Flatøy
(Foto: Espen) |