Hovudside Flatøy skule   

 
  Bokbåten besøkte Flatøy
Publisert 22.04.2010
 
På tysdag hadde elevane ved Flatøy skule gleda av å få besøk av bokbåten Epos. Alle elevane, frå 1. – 7. klasse, var på plass ved kaien på vest for å levere inn og låne bøker.
 

 

Tekst og foto: Håvard Brakstad Moen

To gonger i året besøker bokbåten Epos både øyar ytst i havgapet og bygder inne i fjordane. Flatøy er fast stopp kvart halvår.
 

Dei første besøkande på bokbåten var 1. – 4. klasse. Dei lånte først bøker og fekk deretter gleda av å sjå førestillinga ”Rødhette og ulven”. Ein skodespelar med stor innleving (Eva Mørkeset), og ein handdukke som ulven,  fekk verkeleg merksemda til elevane.

 

Elevane gjekk nøgde tilbake til skulen, og 5. – 7. klasse tok seg deretter ein runde i det reisande biblioteket.


Bileta: Ivrige boklånarar frå Flatøy


    Relaterte lenker:  |Bokbåten Epos||Rødhette og ulven||Skulebiblioteket||Verdens bokdag||Bokbåten på Flatøy i april09| |Bokbåten på Flatøy i oktober09|

 
Til toppen