| Verdas Bokdag vert feira i over
100 land frå nord til sør. Bokdagen er ein markering av bokas rolle i
samfunnet, boken som utrykksform, for språkleg og kulturelt mangfald,
for utdanning og for kommunikasjon. På
Flatøy skule har vi markert Verdas bokdag i mange år. Sist tysdag var
heile skulen på besøk på bokbåten Epos,
og vi er i desse dagar i oppstarten av ein leseaksjon som setter fokus
på lesing av fagtekster.
Mykje kjekt og lærerikt å sjå fram til på lesefronten på Flatøy for
tida med andre ord.
Bok til
alle
Tidlegare år har alle elevar på 6. og 7. steg fått ein bok i gåve på
Verdas bokdag. Denne ordninga er no flytta til hausten i samband med
Leselystaksjonen som startar 17. september.
Verdas bokdag heime?
Det er ingen ting i vegen for å markere verdas bokdag heime også, og
det fins mange måtar å gjere det på: vi kan lese eller lytte til
bøker, snakke saman, fortelje kvarandre historier, vitsar og gåter. Vi
kan vise barna våre at lesing er ein aktivitet som er til glede og
nytte, og at det er både gøy, spanande og fint å lese saman.
Verdas
bokdag
Gi rom for lesing heime (småsteget)
|
 |