Hovudside Flatøy skule   

 
  Elevundersøkinga 2010:
Flatøy-elevane trivs godt på skulen

Publisert 26.05.2010
 
Elevundersøkinga gjennomførast kvart år både vår og haust.  Gjennomføring av brukarundersøkinga på hausten er eit frivillig tilbod til dei skolane som ønskjer det. Føremålet med elevundersøkinga frå Utdanningsdirektoratet er at elevane skal få seie sin meining om læring og trivsel på skolen.

Undersøkinga i vår er obligatorisk for elevane på 7.steget, men på Flatøy har alle elevane på mellomsteget (5.-7. steg) deltatt no i vår.
Elevane har svart på spørsmål om trivsel, motivasjon, læring, arbeidsmiljø, elevmedvirkning og vurdering og veiledning.
Ut i frå tala kan ein lese at elevane på Flatøy trivs betre på skulen enn andre elevar i Meland, Hordaland og i landet samla sett. Høg trivsel ser derimot ikkje ut til å virke inn på elevane sin motivasjon for skulearbeidet. Motivasjonen blant Flatøyelevane ligg jamt på landsgjennomsnittet.

Kroppsøving er det mest populære faget, tett fulgt av Kunst og handverk. Naturfag og Engelsk er også populære fag på Flatøy. Matematikk er det minst likte faget.

Når det gjeld vurdering og veiledning, så viser tala at elevane på Flatøy skule vert betre følgt opp enn i resten av landet. Dei får mellom anna oftare beskjed frå lærarane om kva dei må gjere for å verte betre i faga. Dei får også meir støtte frå både føresette og lærarane når dei treng til skulearbeidet.

   

Om arbeidsmiljøet svarer dei at lærarane kjem tidsnok til timane og dei brukar mindre tid enn andre stadar på å få ro i klassen. I høve til mobbing, så er tala svakt betre enn landsgjennomsnittet, men lågare enn snitt for skulane i Meland.
Når det gjeld det fysisks skulemiljøet, så er elevane på Flatøy godt nøgd. Særleg er dei nødg med Lærebøker og utstyr, klasseromma, inneklima, skulebygget og uteområdet.

Elevmedvirkning er det siste tema i undersøkinga. Her er Flatøyelevane jamt over meir nøgd enn elevar andre stadar.

Oppsummert kan ein sei at elevane på Flatøy trivs godt på skulen og vert godt fulgt opp både på skule og i heim. Det store spørsmålet er kvifor ikkje god trivsel, godt fysisk miljø og god oppfølging ikkje ser ut til å gje utslag på motivasjon for skulearbeidet.
Dette spørsmålet skal vi prøve å få svar på når elevar og lærarar skal diskutere resultata frå undersøkinga.
Med bakgrunn i undersøkinga må vi også ta opp med elevane svara omkring mobbing. Fleire elevar svarar at dei har blitt mobba, og dette må vi ta tak i saman.
I desse dagar gjennomførar vi Zero-undersøkinga om mobbing for alle elevane på 2. til 7. steget, og vi vil då få eit endå betre grunnlag for vidare arbeid mot mobbing.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Meir om elevundersøkinga her

 

 


  Elevundersøkinga 2009 på Flatøy skule
 
Til toppen