Hovudside Flatøy skule   

 
  Markering av FN-dagen på skulen
Publisert 20.10.2009
 
Laurdag 24. oktober vert FN-dagen markert over heile verda. På Flatøy skule ønskjer vi å markere dagen fredag 23. oktober.
   

Her på skulen vil vi ha ein solidaritetsmarkering til støtte for Redd Barna. På programmet for dagen står fellessamling der vi synger saman og setter fokus på arbeidet Redd Barna gjer for barn i heile verda.
Det er 3. og 4. klasse som har ansvar for samlinga.

Etter fellessamlinga vert det Elevkafè i regi av elevrådet. Her blir det sal av drikke og varm mat som elevane sjølv lager i til.

Solidaritetsløpet
Måndag 26. oktober blir det solidaritetsløp her på skulen.
Her vil familiane til elevane få høve til å sponse kvar etappe/runde deira barn spring i løypa.
Ein kan sponse med kr. 10,- pr runde.
Nokon av lærarane har også meldt seg på, så det blir spanande å sjå kven som spring flest rundar.

Her kombinerar vi fysisk aktivitet med eit godt formål.

Alle inntekter frå Elevkafèen og Solidaritetsløpet går til Redd Barna.

Fellesarrangementet for FN-dagen inngår i skulen sitt Zero-program

 

 

 

 

 

 


    Relatert lenke: FN-sambandet  Redd Barna: ABC redder barna!
 
Hensikten med den internasjonale kampanjen – som heter "Rewrite the future" på engelsk – er at alle barn rammet av krig og konflikt får tilgang til et godt skoletilbud. Redd Barna skal sikre at åtte millioner barn får relevant og god skolegang innen 2010. For tre millioner barn blir dette deres første mulighet til å gå på skole i det hele tatt.
Redd Barna: ABC redder barna!