| Kontaktlærar
Petrin Kvam åpna programmet med å ønskje alle velkomen til
FN-markeringa. Så var det elevane i 3. og 4. klasse sin tur. Dei
leverte eit imponerande flott program med både song på swahili og
skodespeil om det å dele på goda i verda.
Midtveis i samlinga fortalte
rektor litt om kva innsamlingsaksjonen i år skal gå til. Elevrådet har
bestemt at vi skal støtte Redd Barna, og då har vi valgt ut prosjektet
"ABC redder
barna". Hensikten
med prosjektet er at alle barn rammet av krig og konflikt får
tilgang til eit godt skuletilbod der dei er.
Inntekter frå elevkafèen og "solidaritetsløpet" på måndag, går til
Redd Barna sitt skuleprosjekt.
Fellessamlinga vart avslutta med at elevane på
mellomsteget framførte "Heal the World", med solistane Kjersti, David,
Gabriel Emil og Ireka.
Etterpå var det salg av drikke og heimelaga mat på elevkafèen. Salget
var godt og overskotet vart kr. 1274,.-
Solidaritetsløp
Måndag vert det "solidaritetsløp" for elevane på skulen. Dei føresette
sponsar eit antal rundar deira barn spring i løypa. Kvar runde
"kostar" kr. 10,-
Kvar runde er på 350 meter. Elevane skal springe klassevis. |

Biletet:
Elevar frå mellomsteget synger "Heal the world"
(Foto: Espen) |