Hovudside Flatøy skule   

 
  Svar frå Fylkesmannen denne veka
Publisert 12.04.2010
 
Det var venta svar frå Fylkesmannen denne veka på om vedtaket om nedlegging av Flatøy skule er i samsvar med lovverket. Frå Fylkesmannens kontor fekk vi i dag opplyst at avgjera truleg ikkje kjem før i neste veke.
   
Kommunestyret i Meland kommune vedtok i desember med 21 mot 6 røyster å leggja ned Flatøy skule frå hausten 2010. Mindretalet bestemte seg for å få ei avklaring hjå fylkesmannen om vedtaket var lovleg. Svaret frå fylkesmannen var venta no like over påske, men det dryger truleg mot slutten av denne veka før endeleg svar føreligg.
Avgjera frå fylkesmannen er endeleg, og kan ikkje ankast.

Flatøy skule har jamleg kontakt med Foreldreutvalet (FAU) ved skulen i høve til korleis vi saman best mogleg skal takle situasjonen elevar, foreldre og tilsette no er oppe i. Avgjera frå fylkesmannen vil sjølvsagt vere svært avgjerande for arbeidet vidare ved skulen, og både skulen og FAU avventar difor svaret før nye tiltak settes i verk.
Avgjera frå fylkesmannen vil bli publisert på skulens heimeside straks den føreligg.
www.fylkesmannen.no
Det er også mogleg å abonnere på nyhende frå Fylkesmannen på same nettside.

Føresette kan ta  kontakt med FAU-leiar eller rektor dersom dei har spørsmål om saka.

Bilete: Flatøy skule får truleg svar frå fylkesmannen denne veka


  Tidlegare om saka her         
 
Til toppen