| Tidlegare i dag har det vore stor
aktivitet på heile huset. Det har vore julesong og dans både rundt
juletre og til disco-rytmar. Det har vore opptreden og julefilm, og
mange gode ord til for god innsats i 2009.
For alle som er involvert i Flatøy skule,
elevar, føresette, tilsette og bebuarar på Flatøy, har det vore ein
spesiell adventstid i år.
Vi har ikkje berre venta på jula, vi har også venta på bodskapen om
kva som skal skje med skulen vår i framtida. 16. desember fekk vi den
triste meldinga om at skulen vert lagt ned, og at elevane vert flytta
til Sagstad skule til hausten.
Til tross for den triste avgjera, har vi hatt
mange fine opplevingar på skulen i adventstida. Vi har hatt fire
flotte adventsamlingar der elevane har
vært med å ta ansvar. Dei har delteke med både song, spill og andre
framføringar.
Måndag hadde vi "Julelagedag" der
elevane fekk lage mange flotte ting som dei kan gje i julegåver.
veldig kjekt å sjå kor flinke dei eldste elevane er til å hjelpe dei
små.
Torsdag var vi på julegudstjeneste i Meland kyrkje. En fin oppleving
for store og små saman med elevar frå Gradal og Sagstad skuler.
Nettredaktøren logger seg også av og tar
juleferie no.
Minner heilt til slutt om at fyrste skuledag i 2010 er tysdag 5.
januar.
God jul!
Relaterte saker på heimesida:
Julehelsing frå skulen
Full fart i akebakken
Adventsamling på skulen
"Julelagedag"
Skulegudstjeneste 17. desember
Skulerute 2009-2010 |
 Under:
Fin juleavslutning på mellomsteget i dag.

Under: Juletregang på småsteget.

Foto: Espen
|