| Etter tilsyn
utført 14. januar 2008 vart skulen ikkje godkjent etter Forskrift om
miljøretta helsevern i barnehagar og skular. Skuleeigar fekk ei liste
på 8 punkt som ein måtte utbetre før godkjenning.
Sidan den gong har mykje vore
gjort, og det mest omfattande arbeidet vart gjort i sommar da skulen
fekk nytt tak. Ny ventilasjon i klasseromma, ventilasjon over komfyrar,
utbetring av elevtoaletta er også gjennomført i perioden.
Nytt tilsyn vart
gjennomført 4. november, og tilsynet var då godt nøgd med utbetringane.
Skulen vart dermed godkjent
Elevar og tilsette er godt
nøgde med stnadardhevinga skulen no har fått. Inneklima er blitt betre
og det er blitt enda trivelegare på skulen.
Bilete:
Nytt og fint tak på skulen i haust
(Foto: Espen) |