|
Dette skuleåret dreg
små og store elevar til Meland Aktiv og symjehallen på Nordhordland
folkehøgskule. Det er triveleg å ta bussen i lag til Frekhaug, og
elevane er flinke til å køyre buss! Belta tek dei på, og dei sit rett
veg i seta!
Bussen svingar først
innom til symjing før det ber vidare til gym i den store, flotte
hallen. Der disponerer vi 2/3 av salen, og kan ha skiljevegg mellom
slik at det vert to elevgrupper kvar for seg.
Symjinga går i bolkar
på 6 veker, før ein startar med ei ny symjegruppe. Slik får elevane
intensive økter, og forhåpentlegvis betre utbyte av undervisinga.
Elevane gjer uttrykk for at dei synest det er kjempekjekt at heile
skulen har kroppsøving samtidig. Lærarane synest og at dette er ei
god ordning, både sosialt og ikkje minst fagleg.
Bilete til høgre: På veg
til kroppsøvingstime på Meland Aktiv (Foto: Petrin). |