|
|
||
| Triveleg besøk frå Annlaug Auestad og"Kuvenninnene"! | ||
|
Publisert 04.09.2009 |
||
| Tysdag 1. sept. var vi så heldige å få besøk av ein ekte kunstnar! Annlaug Auestad, som har illustrert fleire barnebøker, gjesta oss i 1.- 4. klasse. Vi fekk møte "Kuvenninnene"; Konni, Jorun, Gullhorn, Bjøllekua og Berta,- og fluga. | ||
|
Vi fekk ikkje berre
sjå dei, men høyre dei også - på ekte kuspråk! Dei rauta mot oss, og vi
fekk vere med å gjette kva dei sa.
Annlaug viste oss også eit teikneprogram på data som ho brukte då ho laga denne boka. Det var spennande å sjå blyanten og teiknebrettet,- og ho hadde faktisk ein tryllestav som trylla teikningar fram! Vi er heldige som har fått låne fleire av bøkene som Annlaug har illustrert frå biblioteket. Desse vil vi lese i utover hausten. Takk til Annlaug for besøket! |
||
![]() |
||
| Til toppen | ||