|
Leseaksjonen starta opp torsdag
med besøk på bokbåten Epos. Vi song
bursdagssong for bokbåten som er 50 år, med vaiande flagg i hendene.
På bokbåten var det framføring av biletboka
Himmelspringaren
. Dette er ei bok
om eit mislikt lilla lam som til slutt redda saueflokken frå jerven.
Elevane lånte så bøker, og fekk med seg bolle og ballong.
Småtrinnet hadde besøk av forfatter Bente Bing Kleiva i dag. Ho las
frå boka si "En
løvetanndrøm" og fortalte om korleis den blei til. Ho las også
eventyr frå den nye "Eventyrboka"
som ho hadde laga sjølv. Den er så fersk at elevane på Flatøy
var dei fyrste som fekk høyre eventyr opplest frå forfattaren sjølv.
Elevane tykte det var morosamt med besøk, og mange vil nok gjerne lese
boka i løpet av leseaksjonen.
Bokheksa kom også på besøk på skulen i dag i fyrste time. Skummelt!
I vekene som kjem vert det ulike leseaktivitetar rundt på skulen. Det
vert lesekvart heime og på skulen, leseloft, eventyr i lavvo,
dramatisering av bøker og mykje meir.
Målet med leseakjsonen er å skape leselyst og leseglede.
Bilete til høgre: Forfattar Bente Bing Kleiva las frå si eiga bok
"En løvetanndrøm" |