|
Leseaksjonen vart i dag avslutta med felles samling for heile skulen.
Det har vore lest i kvar krok på heile skulen under heile aksjonen, og
lesegleda har vore stor.
Elevane har lest både heime og på skulen, dei har lest sjølv og blitt
lest for, dei har lest både høgt og stille, dei har lest mange
forskjellige genre og dei har skrevet små forteljingar som andre har
kunna lese. På småsteget har
klassane laga ein bokorm som veks for kvar bok elevane les. Den har
blitt skikkeleg lang i alle klassane. På mellomsteget har dei
boklister der elevane fører opp bøkene dei har lest. Også desse
listene har vorte veldig lange.
Ein grunn til at leseinteressa har vore så stor, kan vere at vi har
hatt ekstra mykje bøker tilgjengeleg. Vi fekk nye bøker til lån frå
bokbåten då aksjonen starta. Seinare fekk vi bokboksar til alle
klassane frå Meland bibliotek, og samstundes har vi styrka eige
skulebibliotek.
No vonar vi at elevane heldt
leseinteressa oppe, og at det vert mange harde pakker under juletreet
i år :)
Tidlegare saker
om leseaksjonen på nett:
Spanande leseaksjon
Leseaksjonen er i gang
Lesetips frå
skulebiblioteket:
Barnebok.no
Biletetil høgre: Bokpremier vart trekt ut på avslutninga i
dag (Foto: Petrin) |