Hovudside Flatøy skule   

 
  Stor stemning på Flatøy MGP
Publisert 01.03.2010
 
Siste fredag før vinterferien var det som vanleg Melodi Grand Prix for elevane på Flatøy skule. Ca 10 innslag var meldt inn til den store finalen, og som tidlegare år var konkurransen prega av høgt nivå og stor variasjon.
   
Elevane som deltok kunne velgje sjølv kva dei ville opptre med. Mange valgte song og musikk, men her var også innslag som meir høyrde heime i komiklassen.
Det vart delt ut mange premiar til for gode innslag.
Men som det vart sagt under premieutdelinga:
- Her er det berre vinnarar!

Eit flott arrangement som syner mykje talent blant elevane på Flatøy

Eit Zero-arrangement

Foto: Sara og Espen


 

 
Til toppen