Hovudside Flatøy skule   

 
  Flatøy skule vert lagt ned
Publisert 03.05.2010
 
I dag kom svarmeldinga frå Fylkesmannen. Fylkesmannen meiner at vedtaket om nedlegging av Flatøy skule var lovleg. Skulen vert difor lagt ned etter dette skuleåret, og elevane vert overført til Sagstad skule.
   
Kommunestyret i Meland kommune vedtok i desember med 21 mot 6 røyster å leggja ned Flatøy skule frå hausten 2010. Mindretalet bestemte seg for å få ei avklaring hjå fylkesmannen om vedtaket var lovleg.

I dag kom svaret frå Fylkesmannen, og han har vedtatt at vedtaket i kommunestyret var lovleg.
I svaret frå Fylkesmannen heiter det mellom anna:

"Fylkesmannen finn etter ei samla vurdering ikkje heimel for å underkjenna vedtaket på bakgrunn av uforsvarleg saksutgreiing.
Fylkesmannen har etter dette ikkje funne grunnlag for å oppheva kommunestyret sitt vedtak i sak 101/09."

Det vert foreldremøte her på skulen neste veke om flytting til Sagstad skule.

Meir om vedtaket til Fylkesmannen her

Bilete: Det vert ikkje skule på Flatøy frå hausten av.


  Relatert sak på nett (FAU)        Avisa Strilen i dag: Slaget tapt for Flatøy skule
 
Til toppen