Hovudside Flatøy skule   

 
  Skulebesøk på Sagstad
Publisert 18.05.2010     Oppdatert 19.05.2010
 
Flatøy skule vert som kjent lagt ned til hausten, og alle elevane vert flytta over til Sagstad skule. Som det vart orientert om på foreldremøte forrige veke vert det lagt opp til klassevis besøk på Sagstad skule fram mot sommaren.
   

Elevane frå Flatøy skal besøke Sagstad skule tre torsdagar framover. 3. og 4. klasse startar opp torsdag 27. mai. Deretter vert det 1. og 2. klasse si tur 3. juni, og til slutt 5. og 6. klasse torsdag 10. juni.
Planen er at dei tek same buss som kjører til bading og gym, og at dei tek rutebuss tilbake til Flatøy.
På Sagstad skule vil elevane få møte elevane på same årssteg, og som dei vil kunne kome i klasse med til hausten. Dei vil gjere aktivitetar saman og få sjå seg litt rundt om på skulen.
Forrige onsdag vart det sendt ut skjema frå Sagstad skule om ønskjer for neste skuleår. Svarfristen var veldig kort sidan ein håper å ha kontaktlærarar og klasseinndeling klart til 1. juni.
Elevane som deltok på Tinestafetten fekk ikkje skjema med heim før helga. Desse får utvida svarfrist til fredag 21. mai.

Sagstad skule - sett frå skuleplassen

 


   
 
Til toppen