Hovudside Flatøy skule   

 
  Storslått stemning på Tine-stafetten
Publisert 18.05.2010
 
Onsdag den 12. mai drog elevane på Flatøy skule til Knarvik stadion, for å delta på Tinestafetten.  Elevane fekk ein fin gåtur fram og tilbake frå Knarvik.
   

Tekst og foto: Hege Kronen
Vel framme på Knarvik stadion var det mange elevar frå 6. trinn og ut ungdomsskulen. Det var i alt åtte elevar frå skulen vår som deltok i stafetten.  Vi hadde også ein fantstisk heiagjeng på tribunen, som laga god stemning og som ropa oppmuntrande ord til alle deltakarane. 

Flatøyelevane låg i ledelsen lenge, men blei tatt igjen på dei siste etappane av elevar frå Knarvik ungdomsskule. Ein god andreplass blei det på dei flinke elevane på 6. og 7. trinn! Flott innsats frå både deltakare og vår fargerike heiagjeng!

Meland-skulane gjorde det svært godt i årets utgåve av Tine-stafetten, med siger i samtlege årsklassar.

Elevane frå skulen vart også intevjua av lokalavisa ”Strilen”.

Resultat frå Tine-stafetten    Tine-stafetten i avisa Nordhordland


           
 
Til toppen