Hovudside Flatøy skule   

 
  Superdag på Vilvite
Publisert 29.04.2010
 
Onsdag var heile skulen på ekskursjon i Bergen sentrum. Hovudpost på programmet var besøk og undervisningsopplegg på Vilvite-senteret. Det vart også lagt inn tid til byvandring før bussen tok oss med tilbake til Flatøy
   
1. og 2. klasse starta dagen med byvandring. Dei har hatt temaarbeid om steinar dei siste vekene, og hadde same tema for byvandringa. Dei så på skulpturar, bygningar av stein og traff Håvard ved den blå steinen. På Vilvite var dei med på opplegget "Potet i dødehavet". Det vart ein morosam og lærerik undervisningsøkt.

3. og 4. klasse starta dagen på Vilvite-senteret. Dei skulle følgje eit opplegg med tema "Kroppen din". Etter undervisningsøkta fekk dei boltre seg i vandreutsillinga "Lek og spill". Siste del av dagen var det byvandring med oppgåver. Dei besøkte mellom anna Bystasjonen og Jernbanen.

Elevane på mellomsteget starta med byvandring, og hadde fokus på "mellomalderbyen" Bergen. Dei starta på festningen og gjekk forbi Bryggen og torget fram til Vilvite-senteret på Møhlenpris. Der fekk dei vere med på "Elektroverkstaden".

Ekskursjonen til Bergen vart til fordi vi måtte avlyse skidagen i vinter og hadde transport til "gode". Elevar og lærarar var svært nøgd med byturen og læringsutbytte.
Dei fleste var samd i at einaste skår i gleda var at vi skulle hatt meir tid på Vilvite :)

Meir om Vilvite på www.vilvite.no

Bilete til høgre: Unge forskarar frå Flatøy skule


           
 
Til toppen