Hovudside Flatøy skule   

 
  Zero-dag på Flatøy
Publisert 24.06.2010
 
Zero er eit program for arbeid mot mobbing i skulen. Flatøy skule har vore med i Zero-programmet sidan 2007. I løpet av skuleåret har vi hatt fleire arrangement som inngår i Zero-planen, men sist torsdag var det klart for sjølve Zero-dagen.
   

Zero betyr null. Det handlar om null mobbing. Zero skal hjelpe oss med å få slutt på mobbing. (Elevrådet)

Torsdag 17. juni var det på nytt Zero-dag her på Flatøy skule. Vi starta dagen med felles Zero-møte for alle klassane, og fortsatte med Fair-play fotballcup og felles elevkafè.

På Zero-møtet viste rektor fram resultata frå Zeroundersøkinga blant elevane i 2.-7. klasse. Selv om elevane svarar at dei trivst godt på skulen, så er det fleire som svarar at dei har vore med og mobba andre elevar. Det er også elevar som har svart at dei har blitt mobba på skulen siste halvår.
På møtet kom det fram gode tankar om korleis vi bør vere mot kvarandre og kav den enkelte elev og lærar kan gjere for å stoppe mobbing.

Alle har ansvar for kva klassemiljø og skulemijø vi får. Alle må tenke gjennom korleis ein sjølv oppførar seg og korleis ein vil at andre skal sjå på ein. Som ein som mobbar og plagar andre, eller som ein som grip inn seiar frå når nokon vert mobba.

Fotballaga var satt saman av elevar frå alle klassane, og det var 8 lag som deltok i turneringa. laga konkurrerte ikkje berre om å vinne turneringa. Det var også satt opp Fair-Play-premie til det laget som viste best sportsånd.

Meir om Zero her


 
   
 

        

 

 

 

 

Til toppen