Hovudside Flatøy skule   

 
  Super nærmiljødag på Håøy
Publisert 21.06.2010
 
Elevar og lærarar strålte om kapp med sola i dag då det var nærmiljødag på Håøy. Ryddeaksjon i strandsona, grilling, innskriving på toppen og aktivitetar på sletta var noko av det dei fekk vere med på.
   

Tekst og foto: Hege Kronen

I god tradisjon på Flatøy skule, tok alle elevane også denne våren turen til idylliske Håøy. Vêret var flott, og første stopp var ved stranda. Der gjorde alle elevane ein god innsats med å plukke boss.
Vel framme etter ein time, fekk elevane vere med på ulike typar ballspel, og mange elevar var særs oppteken med livet i fjøresona. Det vart funne krabbar i ulike variantar, små ål og tanglopper. Nokre elevar tok også ein ekstra tur heilt opp på Håøytoppen.
Mellom alle aktivitetane var det grilling av både pølser og marshmallows, og elevane koste seg stort. I desse flotte omgjevnadane hadde både elevar og lærarar ein flott dag.

Biletet til høgre: Ivrige Bosssankarar i strandsona på Håøy

 


 
 
Til toppen