Hovudside Flatøy skule   

 
  Foreldremøte om neste skuleår
Publisert 03.05.2010
 
Flatøy skule, Flatøu FAU og Sagstad skule inviterar til orienteringsmøte om neste skuleår. Møtet vert på Flatøy skule tysdag 11. mai klokka 18.00.
   
Fylkesmannen meldte i dag at vedtaket om nedlegging av Flatøy skule er lovleg. Alle elevane frå Flatøy skule vert difor flytta til Sagstad skule frå hausten av.
Sidan det har tatt lang tid før endeleg svar kom frå Fylkesmannen, er tida no knapp i høve til å førebu endringane på Sagstad skule. Noko er allereie klart, men leiinga ynskjer å møte foreldra til elevane på Flatøy, slik at ein kan presentere planar og ta imot innspel frå foreldra.

Det innkalles til foreldremøte her på Flatøy skule tysdag 11. mai kl. 18.00
Leiar frå Flatøy FAU, rektor ved Flatøy skule og rektor frå Sagstad skule vil vere til stades på møte.

Skriftleg invitasjon kjem med "ranselpost".


           
 
Til toppen