Hovudside Flatøy skule   

 
  Gå til skulen-dag torsdag 10. september
Publisert 07.09.2009
 
Torsdag 10. september vert det markering av den internasjonale Gå til skulen-dagen.
Miljøagentane og Grønn Hverdag inviterer alle skuleelevar i Noreg til å ta beina fatt på Gå til skulen-dagen og helst alle andre dagar óg.
   
Skulevegen er ein av livets lengste vegar. Tenk på alt borna opplever til og frå skulen; den hemmelege stien gjennom skogen, ekornet som spring opp i treet, gå hand i hand med bestevenen.

3 gode grunnar til å gå til skulen:

  • Det er miljøvenleg
  • Det er moro
  • Det gjev frisk luft og fysisk aktivitet

Flatøy skule deltek på aksjonen i år. Vi håpar at alle elevane går til og frå skulen denne dagen. På skulen vil vi registrere talet på elevar som deltek, og sende inn til leiinga for aksjonen.
Vi er da med i trekninga av ein flott premie.

Les meir om aksjonen:


   
 
Til toppen