Hovudside Flatøy skule   

 
  Det finnast ikkje dårleg vær!
Publisert 25.09.2009
 
Det finnes ikkje dårleg vær, berre dårlege klær! - heiter det i uttrykket. På skulen er vi mykje ute i all slags vær, og då gjeld det å kle seg godt.
   
Hausten er den våte årstida her vest, og mykkje nedbør er i vente. Mange elevar er veldig flinke til å kle seg godt, og då er det som regel alltid kjekt å vere ute.

Bruk refleks!
Med hausten kjem også mørketida, og då er det på tide å finne fram refleksen på yttertøyet.
Mange fotgjengere trur at når dei sjølv ser bilen, ser også bilisten dei. Men i mørke haust- og vinterkvelder kan det nesten vere umogleg for bilisten å sjå fotgjengaren langs veikanten.

Les meir om bruk av refleks her.

Merking av tøy
Mykje tøy blir kvart år gløymt igjen på skulen, og vi klarar ikkje å finne eigarane. På skulen kan vi spare mykkje tid dersom alle blir flinkare til å merke tøy med tusj eller namnelapper. Her kan det vere mykje pengar og spare også :)

Biletet: Med god påkledning i våte haustdagar er det kjekt å vere ute.
(Foto: Petrin)


    "Livet består ikkje av å vente ut stormen. Det handler om å lære seg å danse i regnet"
 
Til toppen