Gjennom perioden har elevane lært
om eigenskapene til leire, korleis dei kan sette saman ulike delar og
ulike formar for behandling av overflate.
Dei har også arbeidd med tekstur og dekor på koppane sine.
Det har vore ein lang prosess frå vi starta med
den mjuke klumpen av leire, til koppen stod der ferdig like før jul.
Vi starta opp arbeidet her på skulen. Så stod det og tørket i vel ei
veke, før dei blei sendt til brenning på Sagstad skule. Då dei var
ferdige med fyrste brenning, tok vi dei med til Grasdal skule der vi
hadde tresløyd. Her vart koppane glassert, før dei igjen vart sendt
tilbake til Sagstad skule for siste brenning.
Siste skuledag fekk vi koppane ut av omnen, og
vi rakk akkurat å få tatt nokre bilete før elevane pakka dei inn til
julegåver.
Som ein kan sjå av bileta vart resultata veldig
bra.
Ei stor takk for hjelp frå tilsette på Sagstad og Grasdal skuler.
.
Bilete 1
Bilete 2
Bilete 3
Bilete 4
Bilete 5 |