|
Tekst og foto: Espen
Pensjonisttreffet har lange tradisjonar på Flatøy. I "alle år" har
Flatøy skule invitert bygdas pensjonistar og besteforeldre til
underhaldning og hyggje på skulen.
Også i år var det satt saman eit rikhaldeg og variert program. Elevane
sang, dramatiserte og spelte for dei frammøtte.
Elevane frå 1. og 2. klasse starta showet med sitt "Potetspel" og to
flotte songar. 3. og 4. klasse fulgte opp med sine komiske innslag og
den vakre songen "Du skal ikkje tru det vert sommar". 5. og 6. klasse
sang "Heal the world" og spelte blokkfløyte, medan Sebastian frå 7.
klasse spelte lufttrommar og heile klassen sang "Radiostar".
Heilt til slutt var det allsong med "Nordhordland" av Flatøy-bebuaren
Bjarte Leithaug.
Etter
forestillinga var det felles festmåltid på Sørstova og Midstova. Det
vart trangt om plassen, men det tok ein med godt humør.
Fleire av dei frammøtte gav uttykk for at årets pensjonisttreff var
eit av dei alle flottaste dei hadde vore med på, samtidig som dei
synast det er veldig trist at skulen vert lagt ned.
Relatert sak på heimeiden:
Pensjonisttreff 2009
|