Hovudside Flatøy skule   

 Herleg heimelaga pizza i uteskulen.
 
Publisert 18.12.2009
 
I dag stod det pizza på menyen då elevar frå 6. og 7. klasse skulle ha mat og helse ute i Hundremeterskogen.
   
I kaldt og klart vær drog gjengen frå 6. og 7. klasse saman med vikarlærar Kalle til Hundremeterskogen for å ha undervisning i mat og helse. På menyen for dagen stod det pizza, og alt skulle gjerast i stand ute.

Fyrst lærte elevane å lage til ein skikkeleg eldstad. Så måtte dei sanke ved før dei gjekk i gang med å lage pizzabunn og steike kjøttdeig.
Alle elevane fekk lage kvar sin pizza i lokket på stormkjøkkenet. Alle åt opp og var samde i at det vart ein herleg pizza.

Alle bileta er tatt av elevane i klassen.


      
 
Til toppen