Hovudside Flatøy skule   

 
  Stor innsats og moro på ski- og akedagen
Publisert 13.01.2010
 
Tysdag var heile skulen samla på den flotte ski- og akearenaen som er blitt til utanfor skulen i det flotte viterværet. Elevane hadde ski og akebrett med, og dei deltok med stor iver i mange uhøytidlege konkurransar og aktivitetar.
   
Det vart ein flott skidag for heile skulen, med supert føre og strålande sol. På sletta foran skulen var det langrenn der elevane skulle gå på idèaltid. Det vart også arrangert skiskyttarstafett, og medan elevane venta på sin tur til å delta, kunne dei varme seg ved bålet som Grethe hadde tent opp nede på markane. Her vart det også pølsegrilling etter tur.
Etter matpausen var det full fart i akebakken. Det vert rapportert om stor aktivitet og full innsats i både skispor og akebakke.

Fredag var det premieutdeling med diplom og ei lita overrasking.

Bilete frå premieutdeling fredag 15. januar
Foto: Petrin Kvam

Relaterte saker:
08.01.2010 Ski- og akedag på tysdag
21.12.2009 Full fart i akebakken
06.01.2010 Skøyteis på Fossemyra
 

 

 

 

    

 

 

 

 

Premieutdeling fredag 15. januar
Til toppen

 

 
Til toppen