Vi vil ha eit reint skur, tenkte fire jenter på SFO ein dag i førre veke,
og så gjorde dei noko med saken!
Fire jenter som går på SFO har gjort ein flott
jobb med å vaske skuret på skuleplassen.
Den har vore tilgrisa med tagging og skribleri, men no er veggane i
skuret blitt reine og kvite! Vi har skrubba og vaska, og slik
ønskjer vi å ha det, seier jentene. Vi er heilt einige.
Takk til jentene for innsatsen!
Biletet: Flinke jenter som gjer det
reint og triveleg for alle på skulen.
(Foto: Petrin)