Hovudside Flatøy skule   

 
  Kjempeflott innsats på solidaritetsløpet
Publisert 26.10.2009, oppdatert 02.11.2009
 
Etter fin FN-markering på skulen fredag, var det i dag klart for solidaritetsløp for elevane på Flatøy skule. Innsatsen var stor blant samtlege elevar, og totalt vart det sprunge 356 rundar i solidaritets-løypa.
   
Tanken med solidaritetsløpet er at elevane spring  runder i løypa på 350 meter, og familien heime sponsar kvar runde dei spring med kr. 10,-
På førehand har elevane saman med "sponsorane" lagt opp til kor mange rundar dei skal springe.
Heilt frå fyrste meter i fyrste runden var innsatsen på topp, og mange elvar sprang til og med meir enn dei rundane dei var sponsa.
Fleire elevar løp opp mot 4km, og fleire enda meir. Målet om å kombinere fysisk aktivitet med solidaritetsarbeid vart absolutt innfridd.

Totalt løp elevane 356 rundar, og sponsorinntektene vart heile 3433,-
Fredag fekk elevrådet inn kr. 1274 på elevkafèen, så totalt fekk vi inn kr 4707,- til Redd Barna sitt prosjekt "ABC redder barna".
Det nøyaktige beløpet kjem her når opptellinga er ferdig.

Les meir om FN-markeringa på Flatøy her


      kakediagram - slik bruker vi pengene
 
Til toppen