Hovudside Flatøy skule   

 
  God stemning på sommarfesten
Publisert 24.06.2010
 
Til tross for at det berre var ein dag igjen av det siste skuleåret på skulen vår, sørga elevane for at det vart stemning på sommarfesten tysdag kveld.
FAU og skulen inviterte elevar, familiar og tilsette til grillfest og underhaldning på skuleplassen.
   

Sommarfesten på Flatøy skule har lange og gode tradisjonar. Her samlast elevane, familiane og dei tilsette til ei hyggjeleg avslutning på skuleåret. Ettersom fleirtalet av politikarane i Meland kommune har bestemt at skulen vert lagt ned i sommar, var dette den siste sommarfesten på skulen.

Kvelden starta med underhaldning frå utescenen på skuleplassen. "Potetborna" frå 1. og 2. klasse opna showet, og deretter gjekk det slag i slag med song og sketsjar.

Etter at underhaldningsinnslaget var ferdig, var det grilling av dei herlegaste rettar på den store utegrillen til bygdelaget.

Sommarfesten vart avslutta med helsingar og gåver frå store og små.
Kontaktlærar i 7. klasse, Harald Helgesen, hadde også i år skrevet song til klassen med helsing til kvar og ein av elevane.
FAU hadde med fotogåve og rosar til alle dei tilsette og alle elevane. Dei tilsette fekk også ein flott krystall med skulens logo inngravert.

Til slutt song alle med på "Nordhordland"-songen av Flatøy-bebuaren Bjarte Leithaug.

Bilete til høgre: God stemning rundt grillen (Foto: Espen)


 

         

 
Til toppen