Heimeside Flatøy skule   

   
 

Foreldrerådets arbeidsutval 2009-2010

 
     
  Kontakt FAU
  Medlemmer i FAU
  Foreldrekontakten
  Fug.no
  Foreldrevettreglar  
     
 

 

Foreldrekontakten

 

 


FAU er forkortelsen for Foreldrerådets arbeidsutvalg. Alle foreldre som har barn på skolen, er medlemmer av foreldrerådet. FAU er Foreldrerådets ArbeidsUtvalg og fungerer som et styre for foreldrerådet. 

 
 
Saker frå FAU:

14.06.2010 Sommarfest tysdag 22. juni
FAU og skulen inviterar årets elevar og alle føresette til sommarfest på skuleplassen. Det vert underhaldning og korgfest med høve til grilling.
FAU
ber om at kvar elev betalar kr 50,- til kontaktlærar i løpet av veke 24. Pengane går til å dekkje ulike utgifter på sommaravslutninga.
Festen byrjar kl. 18.00 på skuleplassen.

Invitasjon vert sendt heim med ranselpost i dag. Les invitasjonen her.
 

14.06.2010 Juni-brev frå FAU
Då nærmar sommarferien seg med stormskritt og som vanleg er dei siste vekene fulle av arrangement. Det har vore mykje å hengje fingrane i ang overføringa til ny skule. Vi vil her gje dykk den informasjonen vi innehar på noverande tidspunkt.
Infobrev frå FAU, juni 2010

10.06.2010 Brev til kommunen om Skyss til hausten
Skriv fra FAU ved Flatøy skule når det gjeld skoleskyss til Sagstad skule for Flatøy elevene er sendt til Meland kommune.
Les brevet her

 

04.05.2010 17.mai-programmet er klart
17.mai-programmet for Faltøy er no klart. Det vert oppmøte på skuleplassen klokka 11.15, og programmet startar kl. 11.30 med tale for dagen.
Last ned programmet her

03.05.2010 Foreldremøte om neste skuleår
Flatøy skule, Flatøu FAU og Sagstad skule inviterar til orienteringsmøte om neste skuleår. Møtet vert på Flatøy skule tysdag 11. mai klokka 18.00.
Skriftleg invitasjon kjem med "ranselpost".
Les meir

03.05.201 Flatøy skule vert lagt ned
I dag kom meldinga frå Fylkesmannen: Vedtaket om nedlegging av Flatøy skule var lovleg. Flatøy skule vert lagt ned etter dette skuleåret, og elevane vert overført til Sagstad skule.

Meir om saka her

15.03.2010 Foreldremøte på onsdag
TEMA: Flatøy skule si framtid
Nord-stova kl. 18.30-19.30
FAU informerar om kva som har vorte gjort i saka, stoda per no og vegen vidare.
Vi legg opp til felles samtale i etterkant av informasjonen.
Vel møtt!

04.12.2009
Slå ring kring skulen!

Torsdag 10.12 kl 17.30
vert det arrangert slå ring kring skulen, eit samarbeid mellom Flatøy Kvinne og Familielag, Flatøy Bygdelag og FAU ved skulen.

04.12.2009 INVITASJON                    |Les brev til heimane|
TIL EIT SAMARBEIDSMØTE MELLOM FØRESETTE SOM HAR SKULEBARN I MELAND KOMMUNE.

Vi inviterer med dette FAU ved alle grunnskulane i Meland Kommune og interesserte føresette til eit positivt samarbeidsmøte
ONSDAG 9.DESEMBER 2009 KL 18.00  PÅ VESTBYGD SKULE

Saker:
1.  Skal vi opprette eit felles kommunalt foreldreutval?
2.  Korleis ser vi saman for oss at skulestrukturen i kommunen vert best mogleg for barna våre.
3.  Eventuelt

 

26.11.2009 Busstopp-aksjon måndag 30. november
Det blir busstopp-aksjon på Flatøy måndag 30. november. Vi møter ved "Gamlebutikken" klokken 07.55.
Skriv kjem heim med elevane i dag.
Les info skrivet her

11.10.2209 Stort engasjement på Flatøy
Fra www.strilen.no :
Å kasta eit framlegg om å leggja ned Flatøy skule inn i budsjettdebatten, er forhasta og uansvarleg. Det meinte både bygdefolk og politikarar på folkemøte måndag.
Les meir på www.strilen.no

 

04.11.2009 Folkemøte om skulenedlegging måndag 9. november
I samband med framlegget om å leggja ned Flatøy Skule ønskjer Flatøy Bygdelag å halda eit folkemøte førstkommande måndag 9 November kl 18.00. Møtestad er kantina til Frank Mohn Flatøy AS. Datoen er ikkje vald tilfeldig, men må og sjåast i samband med den korte fristen vi har på oss.
 
I dette møtet ønskjer vi å ha ein paneldebatt med deltakarar frå alle politiske parti med representantar i Meland kommunestyre.
Meir info kjem.

 30.10.2009 FORELDREMØTE, SKULENEDLEGGING
FORELDREMØTE MÅNDAG 2.NOV KL 18.00 OMKRING , HØYRINGSSAK -  NEDLEGGING AV FLATØY SKULE
Les meir

 

 

 
  FAU 2009-2010  
 
Leiar:
Vibecke Samuelsen
vibeckesamuelsen@hotmail.com  
Nestleiar:
Kristine Dahle Sudmann
   
Kasserer:
Tone Eikanger 
   
Sekretær:
Solveig Hannisdal  
   
Medlemmer:
Linda Andersen
   
Yngvild Sudmann    
Monica Sture    
 
     

 


Voksne for barn

Barnevakten

Skolenettet

LUFS
Landslaget for nærmiljøskuler

Meland kommune