Hovudside FAU

   Hovudside Flatøy skule   

 
  STOPP! - Ikkje legg ned Flatøy skule
 
   


17.12.2009
Kommunestyret vedtok nedlegging
Kommunestyret i Meland kommune vedtok i går kveld med 21 mot 6 røyster å leggja ned Flatøy skule  frå hausten 2010. Mindretalet bestemte seg for å få ei avklaring hjå fylkesmannen om vedtaket var lovleg.
Les meir

11.12.2009 Mange ville vere med å slå ring kring skulen
Frå www.nordhordland.no

Små og store på Flatøy gjekk mann av huse i går kveld for å slå ring om skulen i bygda. ”Flatøy skule, hei hei hei, ingen skule er som deg” , ropte barn og vaksne medan dei gjekk i fakkeltog rundt skulebygget.
Les meir

04.12.2009 Slå ring kring skulen!
Torsdag 10.12 kl 17.30
vert det arrangert slå ring kring skulen, eit samarbeid mellom Flatøy Kvinne og Familielag, Flatøy Bygdelag og FAU ved skulen.
 

04.12.2009 INVITASJON                |Les brev til heimane|
TIL EIT SAMARBEIDSMØTE MELLOM FØRESETTE SOM HAR SKULEBARN I MELAND KOMMUNE.

Vi inviterer med dette FAU ved alle grunnskulane i Meland Kommune og interesserte føresette til eit positivt samarbeidsmøte
ONSDAG 9.DESEMBER 2009 KL 18.00  PÅ VESTBYGD SKULE

Saker:
1.  Skal vi opprette eit felles kommunalt foreldreutval?
2.  Korleis ser vi saman for oss at skulestrukturen i kommunen vert best mogleg for barna våre.
3.  Eventuelt


30.10.2009 FORELDREMØTE
MÅNDAG 2.NOV KL 18.00 OMKRING HØYRINGSSAK -  NEDLEGGING AV FLATØY SKULE

I kommunestyret onsdag 28.okt vart saka kring innsparing av 6 millionar i skulesektoren teken opp.
Eit av framlegga for innsparing er å leggja ned Flatøy skule. Dette meiner dei vil gje ei innsparing på omlag 3,5 millionar.
 
Høyringsfristen er sett til 10.november så vi må gjere eit
 ENGASJERT, TYDELEG OG SUPERKJAPT UTSPEL.
 
ALLE KREFTER MÅ SETJAST INN FOR Å REDDA SKULEN VÅR!
 
Både FAU (Foreldre utvalet) og SU (Samarbeidsutvalet) ved vår og Sagstad skule er partar i denne høyringssaka. Onsdag 4.nov skal det vere SU møte. FAU har representantar i SU og ønskjer å fremme foreldra sine synspunkt her difor;
 
BER OM AT ALLE MØTER ENGASJERT MÅNDAG KL 18.00
SLIK AT VI SAMAN KAN ARBEIDE FOR Å BEHALDE SKULEN VÅR PÅ FLATØY!
 
Vel møtt!
 
FAU v/ leiar Vibecke S. Samuelsen

Relaterte saker:

La Flatøy leva
Samler bygda til skolekamp
Rødt kort til Meland
Flatøy-foreldre fryktar heksegryte
Kritisk til prosessen

Kamp for skulen
Vil leggja ned Meland-skule
Samlar bygda til skulekamp

Stort engasjement på Flatøy
Flatøy skule vert lagt ned
Flatøy overlever neste år
Slutt for Flatøy skule neste år

Høyringssak
nedlegging av Flatøy skule

Elevane sin song:  Video: STOPP, høyr på oss!    tekst
Får vi behalde skulen vår?


 

  Høyringsdokumentet

 
Til toppen