Hovudside

SFO

Fotoalbum Lenker Elevsider Personalet
     
 
 Skulefritidsordninga – SFO

07.12.2009 Nye uteleiker i desember
Les meir

23.11.2009 Informasjon november frå sfo
Les meir


09.09.2009
Føresettemøte neste veke
Neste veke blir det føresettemøter i alle klassane og på sfo.
Les meir

 SFO rute
 SFO reglement
 SFO årsmelding

 Foreldrebetaling

Skulefritidsordninga er ei ordning for elevane i 1. – 4. kl., eldre barn kan òg få vera med dersom det er plass til det. Skuleåret 2009-2020 er ordninga utvida til også å gjelda om morgonen.
Ordninga skal gje barna omsorg og tilsyn. Ho skal leggja til rette for leik, kultur og ulike aktivitetar tilpassa alder, funksjonsnivå og interesse.

Informasjon frå SFO, november 2009

Informasjon fra SFO, april 2009
Det vert sendt ut søknadsskjema for neste skuleår til alle førsteklassingar. Søknadsfristen er 1. mai for skuleåret 2009-2010.
Dei som allerede har plass, treng ikkje søkje på nytt (sjå vedtektene punkt 4). Når ein har fått plass, har ein den til ein sjølv seier opp, eller går ut av 4. klasse.
Vi minner om at det ikkje er høve til å seie opp etter 1. april. Dersom eit barn sluttar etter denne datoen, må ein betale ut juni månad. (Sjå vedtektene punkt 9, reglar for oppseiing).
Ønskje om endring i behov av tid til neste skuleår må vi få snarast etter at timeplanen har komme ut.

 

Foreldrebetalinga er delt i 3.

a)                  til og med 6 timar/veke              - kort tid -         kr.   750,-

b)                  til og med 14 timar/veke            - halv tid -         kr. 1200,-

c)                  meir enn 14 timar/veke             - full tid -          kr. 1840,-

I tillegg kjem matpengar – nå kr. 150,- /månaden. Ved heil tid.

Ein kan også kjøpa ekstra timar. Desse kostar kr. 25,- for dei som er knytt til SFO.

Andre kan og kjøpa timar, då er prisen kr. 35.00,- pr. time.

I begge høve må det passa/vera plass om ein skal få ekstra timar.

Hjå oss deler 1./2. klasse lokale med SFO. Dette kan nok vera litt vanskeleg i skifte mellom skule og SFO, men med positiv innstilling frå dei tilsette, går det bra. Begge partar kan og ”vinna” på dette – brukar same utstyr, leikar o.l.

Kvart einaste år vert det liggjande att klede og sko som "ingen" eig.
Difor ei bøn til dykk.
Kjøp merkepenn som de skriv rett på kleda/støvlane med eller namnelappar som de stryk fast.

Skulen sine trivselsreglar gjeld og for SFO.

Heim