|
Saman med
fleire andre skular i Meland kommune har Flatøy skule vore med i
Zero-programmet sidan hausten 2007.
Programmet er utvikla av senter for
atferdsforsking i Stavanger. Zero skal hjelpe skulen med forebygging,
avdekking og problemløysing knytt til mobbing.
Forarbeidet i samband med
Zero starta 2007. Ei ressursgruppe som bestod av representantar frå
skulen, SFO, foreldre og elevar møtte fagpersonane i Zero til
eit forankringsseminar i mai 2007.
Zero-programmet vart vidareført dei neste skuleåra.
I mai 2010 gjennomførar
Flatøy skule Zero-undersøkinga for alle elevar på 2.-7. kalssesteg.
Undersøkinga er anonym og det er frivillig for elevane å delta.
Infoskriv vert sendt heim til føresette på førehand.
Zero-dag på Flatøy torsdag 17.
juni
5 tips
dersom barnet mobbes eller mobber
(Frå www.barnevakten.no)
|