Hovudside Flatøy skule   

 
  Skulehelsetenesta
Publisert 16.09.2009. Sist oppdatert 09.03.2010
 
Skulehelsetenesta arbeider for å fremme eleven si fysiske- og psykiske helse og forebygge sjukdom. Ein legg vekt på eit godt samarbeid med elev, heim og skule.
   

Oversikt aktivitetar vår 2010

Faste oppgåver

  • Førskulekontroll. Med helesøster og lege.

  • 2. kl. vaksinering: påfyll difteri, stivkrampe, kikhoste.

  • 6. kl. vaksinering: påfyll meslingar, kusma og røde hundar.

  • 7. kl. vaksinering: påfyll HPV-vaksine mot livmorhalskreft. Vert gitt tre doser. (Alle får informasjon).

Helsesøster driv også grupper på mellomtrinnet der fokus er på kropp, helse, eigenomsorg og pubertet.

Tlf. til helsestasjonen: 56 17 11 00.

Skulehelseteam
Alle skulane i Meland har oppretta skulehelseteam. Det tverrfaglege teamet er samansett av representantar frå skulehelsetenesta, skulen, barneverntenesta og PPT.

Målet for arbeidet i helseteamet er å ta vare på elevane på ein så god måte som mulig. Ein kan drøfte saker anonymt, men ingen elevar vert drøfta ved namn utan foreldra sitt samtykke.

Dersom de foreldre har noko de ønskjer å ta opp i helseteamet, eller som de ønskjer helseteamet skal drøfte, kan de melde frå til skulen ved rektor eller inspektør.

 

Helsesøster:  Gunnhild Brakstad
         Kontakt:  56 17 11 05       

LENKER:

http://folkehelsa.no

Svineinfluensa

Hodelus
Hodelus brosjyre (pdf)

Mot mobbing!
www.ung.no/mobbing
Manifest mot mobbing

Zero


 

Til toppen

 
Oversikt over skulehelsetenesta Flatøy skule våren 2010

Onsdag 20. januar :   Pupertetsundervisning 6. klasse

Onsdag 10. februar:   2. HPV vaksine 7. kl. jenter. Høgde/ vekt gutane.

Onsdag 17. februar : 2. klasse. Tetravac- vaksine, høgde / vekt / syn,     oppfølgingssamtale m/ føresette

Onsdag 24. mars:      2. klasse. Tetravac – vaksine ( som over ). Merk: Ny dato

Onsdag 14. april:       MMR- vaksine 6. klasse

Onsdag 16. juni:        3. HPV vaksine 7.kl. jenter

Det vil verta sendt innkalling til heimane før vaksinasjon.

Det kan verte endringar.

 
Til toppen