Kontaktlærar 3. og 4. klasse: Petrin L. Kvam  Epost: petkva@iskole.no

   Heimeside Flatøy skule   

 Timelærarar: Grethe Thorstensen gretho@iskole.no  
     
  Timeplan  
  Skulerute 2009  
  Temaplan 3.klasse  
  Temaplan 4.klasse  
 

SFO

 
  Elevråd  
 

 

 

 

 

 

 

 

 

07.12.2009 Elevsong. Video: STOPP, høyr på oss!    tekst
14.06.2010 NY! Elevvideo: Maur i rompa


14.06.2010 "Maur i rompa" på video
Endeleg har vi fått på plass den stilige "Maur i rompa"-videoen vår.
Kanskje vert dette sommarens store hit.
No kan du også sjå musikkvideoen her på heimesida. Berre klikk på lenka under.

Maur i rompa

27.05.2010
Innlevering av bøker til skulebiblioteket
Frist for innlevering av bøker til skulebibliotek og bokbåten er satt til onsdag 9. juni. Siste dag for utlån er måndag 7. juni.
Les meir

27.05.2010 På farten med vokalgruppa TausVokalgruppa Taus  
Torsdag 10. juni skal 3.-4. klasse til Grasdal skule for å sjå forestillinga På farten med vokalgruppa Taus.
 "Vokalgruppa Taus har fått eit spanande oppdrag i hovudstaden, og nå er dei klare til å reise austover over fjellet. Men mykje kan hende på vegen.....
Les meir om forestillinga her


27.05.2010
Klassebilete
Fredag 18. juni kjem det fotograf frå Casparsen foto for å ta skulebilete og klassebilete av alle klassane.
Les meir

19.05.2010 Besøk på Sagstad skule
Alle klassane på Flatøy skal få kome på besøk på Sagstad skule før sommaren.
Vi skal få helse på elevane vi skal gå i klasse med frå hausten av, helse på lærarar og sjå oss litt om rundt på skulen. Vi skal også gjere nokon aktivitetar saman med elevane på Sagstad.
3. og 4. klasse besøker Sagstad skule torsdag 27.mai. Vi tek buss begge veier, og det vert ikkje bading eller gym denne dagen.
Meir og skulebesøket her             |Heimeside Sagstad skule|

03.05.2010 Besøk i Meland kyrkje
Tekst og foto: Grethe

Fredag 30. april var 4. klassingane frå Flatøy og Grasdal skule  på omvisning i Meland kyrkje. 3. klassingane frå Flatøy fekk også vera med. Organisten og undervisningspresten fortalte om ulike gjenstandar i kyrka og om  dei tre kyrkjene som har vore bygd i Meland. Elevane fekk vera med heilt opp i
klokketårnet og dei fekk sjå korleis orgelet verkar. Nokre av dei fekk også spela litt. Det vart også tid til ei lita orientering utanfor. Her vart det lagt vekt på at på kyrkjegarden må vi ferdast med respekt og roleg framferd.
 


19.04.2010 Bokbåten kjem i morgon
Tysdag 20. april kjem bokbåten Epos igjen til Flatøy. Det vert ope bibliotek frå klokka 11.30-14.00.
3. og 4. klasse skal besøke biblioteket frå klokka 11.30. Klokka 12.30 skal vi sjå framsyninga "Rødhette og ulven".
Hugs å ta med bøker du lånte i haust.

15.04.2010 På farten med vokalgruppa TausVokalgruppa Taus  
Torsdag 10. juni vert det igjen konsert i regi av "den kulturelle skolesekken i Hordaland".
Vi skal saman med 1. og 2. klasse til Grasdal skule for å vere med på konserten "På farten med vokalgruppa Taus". Før konserten skal vi lære oss songen "Hompetitten".
Les meir om konserten her
 

01.03.2010 3. og 4. klasse best i garderoben
Elevane i 3. og 4. klasse vant årets fyrste utgåve av Gullhengaren. Premien går til den klassen som over tid er flikast til å halde god orden i garderobane.
Les meir

15.02.2010 Kartleggingsprøver på 3. steg i vår
Denne våren vert det gjennomført obligatoriske kartleggingsprøver i leseferdigheit på 1., 2. og 3. steg, ein obligatorisk kartleggingsprøve i tallforståing og rekneferdigheit på 2. steg, samt ein frivillig kartleggingsprøve i tallforståing og rekneferdigheit på 3. steg.
 
3.steg:
Tallforståing og rekneferdigheit veke 15 – 20 (12. april – 21. mai) – frivillig
Leseferdigheit veke 18 og 19 (3. – 14. mai) – obligatorisk

Her kan du lese meir om vårens kartleggingsprøver:
http://udir.no/Tema/Kartleggingsprover/Kartleggingsprover-grunnskolen/ 


05.02.10 Strikkedilla!
I kunst og handverk har vi denne veka starta eit ambisiøst opplegg! Målet er at alle skal kunne lære seg å strikke i dei komande vekene. Kva vi eigentleg har tenkt å strikke kan vere litt hemmeleg ei stund til, men det skal iallefall bli noko mjukt... Den som følgjer med får sjå! Om du vil prøve å strikke heime, men ikkje hugsar korleis, klikk her: Strikkevideo

29.01.2010 Vi komponerar på småsteget
I den siste tida har vi trena på ulike rytmar på småstegkoret. 1.-4. klasse har vore samla på Sør-stova, og vi har blitt kjent med mange ulike rytmeinstrument.
i dag har vi komponert vårt eige litle partitur, og vi har øvd på framføring.
I dag øvde vi også på songen "Maur i rompa", kjend frå Barnas supershow på NRK. Den vart ein hit med ein gong, så dei som vil øve meir på dansesteg og song, kan klikke seg inn på NRK for å sjå musikkvideo.
"Maur i rompa"-video



06.01.2010
Skøyteis på Fossemyra
Flott skøyteis på Fossemyra i desse dagar. Kulda skal halda seg både over helga og utover i neste veke, så her er det berre å finna fram skøytene!
 

27.11.2009 Vellukka leseaksjon
Leseaksjonen vart avslutta i dag. Det vert rapportert om stor innsats og leseglede.
Les meir

09.11.2009 Leseaksjonen er i gang!
Leseaksjonen 2009 er i gang på Flatøy skule. I heile november månad skal vi kose oss med bøker av mange slag og på mange vis.
Les meir

02.11.2009 Bokbåten kjem på torsdag
Torsdag 5. november kjem bokbåten Epos igjen på besøk til Flatøy. Heile skulen skal besøke båten og låne nye bøker.
Elevane i 1.-4.klasse skal ombord på det flytande biblioteket kl 12.15, direkte frå kroppsøvingstimane. Vi får mellom anna høyre forfattaren og illustratøren Sissel Horndal fortelle og syne bilete frå boka Himmelspringaren . Vi skal og få høve til å låne nye bøker.
Hugs å ta med bøker for innlevering!
Les meir

26.10.2009 Kjempeflott innsats i solidaritetsløpet
Etter fin FN-markering på skulen fredag, var det i dag klart for solidaritetsløp for elevane på Flatøy skule. Innsatsen var stor blant samtlege elevar, og totalt vart det sprunge 356 rundar i solidaritets-løypa. Elevane i 3. og 4. klasse stod for 124 av desse.
Les meir

21.10.2009 Innsamling til Redd Barna på FN-dagen
Redd barna har eit skuleprosjekt som dei kallar "ABC redder barna".
Hensikten med prosjektet er at alle barn rammet av krig og konflikt får tilgang til et godt skoletilbud. Redd Barna skal sikre at åtte millioner barn får relevant og god skolegang innen 2010. For tre millioner barn blir dette deres første mulighet til å gå på skole i det hele tatt.

Gjennom innsamlingsaksjonen her på skulen fredag og måndag, kan elever og lærarar hjelpe barn i nød slik at dei kan få gå på skule.
Les meir om "ABC redder barna" her

14.10.2009. Kva gjer ein veterinær?
Ein veterinær eller ein dyrelege har mange oppgåver! Det fekk 3. og 4. klasse høyre om då veterinæren Erik Ulvik kom på besøk til oss på tysdag.
Les meir

22.09.2009 1.- 4. klasse syng i småsteg-kor!
Annankvar fredag samlast alle elevane på småstega til korsong. Det er gøy å syngje i lag, det merkast, for denne gjengen er det god lyd i!
Les meir

21.09.2009 Torsdag er Kroppsøvingsdag!
Kvar torsdag drar heile skulen til Meland aktiv og Nordhordland folkehøgskule for å ha kroppsøving.
Les meir

04.09.2009 Triveleg besøk frå Annlaug Auestad og "Kuvenninnene"!
"Kuvenninnene" er tittelen på ei bok av Annlaug Auestad. Sist tysdag besøkte ho Flatøy saman med dei noke spesielle venninnene sine.
Les meir

24.08.2009 Kuvenninner kjem på besøk
"Kuvenninnene" er tittelen på ei bok av Annlaug Auestad. Tysdag 1. september kjem ho på besøk på Flatøy skule for å fortelle om Kuvenninnene.

Som andre venninner begynner kyrne å krangle om kven som er finast og best, og til slutt sprekk det for Jorun. Ho ORKAR ikkje all kivinga!

Annlaug vil vise ein liten ”film” kor kyrne rautar. Ho er spent på å høyre kva elevane forstod og kva som skjedde på filmen. Det blir samtale om dette i klassen.
Barna vil gjennom denne timen lære litt om språkforståing og tenkje litt rundt dette rare at lydar gir ei bestemt meining, og at det går an å dikte sitt eige språk med eiga meining.
Les meir om forestillingen her

22.06.2009 Velkommen til nytt skuleår!
Onsdag 19. august starter skulen opp igjen etter sommarferien. Vi ønskjer  alle elevane i 3. og 4. klasse velkomen tilbake til eit nytt lærerikt år på Flatøy skule.

 

 

 

 


Norsk:

|
Zeppelin ABC|

Matematikk:
|Abakus|    
 |Multi 1| |Multi 2|
|Tusen millioner 1-4|

Engelsk:
|Steps 3| |Steps 4|
|
Stairs 1+2|  |Words|

Samfunnsfag
og naturfag:

|Salaby|
|Gaia 3| |Gaia 4|

IKT for elevar

Kunst og handverk:
IStrikkingI
 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

     
Til toppen