Vi fekk
prøve å lytte etter eigen hjartelyd gjennom eit stetoskop, og vi
fekk prøve å kike gjennom eit otoskop. Det var ikkje så lett å kike
inni eigne øyre, men vi fekk sjå at otoskopet har eit lite lys og
eit forstørringsglas slik at veterinæren skal sjå godt i dyreøyra
når han brukar det. Vi fekk også vite at smådyr og store dyr er to
dyregrupper som veterinærane jobbar med.
Det er ikkje alltid storleiken som avgjer kva
dyregruppe dyret høyrer til (ein hund kan jo vere større enn ei høne
eller ein sau). Det avgjerande er om dyret er kjæledyr, eller om det
er eit dyr vi kan ha for å få kjøt, drikke, skinn, pels eller dun
ifrå. Vi fekk også sjå korleis ein dyrlege må kle på seg før ein
operasjon, og vi fekk helse på ein skjønn katt som heiter Tuva! Vi
fekk også vite at det er viktig å kunne matematikk for å gje riktig
mengde medisin, og vi fekk ei ekte sprøyte på kvar!
Elevane fekk også svar på mange av spørsmåla
sine, t.d. om kor lenge ein må gå på skule for å bli veterinær, om
løven eller tigeren ville ha vunne ein slostkamp, kor gamal ein katt
kan bli, og om det er dyrevernsnemnd i Meland kommune, kva som skjer
med dyr som vert avliva og mykje meir. Timen kunne ha vore lenger,
friminuttet var ikkje interessant denne gongen, og nokon hadde ikkje
lyst å gå heim!
Takk til Erik for ein lærerik og kjempegøy
time!