Hovudside Flatøy skule   

 
  Brannvern på timeplanen
Publisert 08.02.2010
 
Torsdag hadde 6. klasse besøk av Frode Langeland frå brannvernet i Nordhordland. Dei fekk ei nyttig teoretisk innføring i brannvern, og på slutten av dagen fekk dei også prøve seg som brannslukkarar.
   

Sara har skrevet logg fra brannvernundervisninga:

Frode Langeland viste oss litt om kva som tek fyr lett, og kva som ikkje gjer det. Han viste oss korleis vi skulle sløkkje ein brann, og vi fekk til og med prøve å sløkkje ein brann i eit lite kar.
Alle fekk kvar sitt batteri til brannalarm for å skifte i brannalarmen heime. Dessutan fekk alle tre hefter om brannvern og kvar sin refleks. Vi lærte mykje.

Bilete til høgre: Elevar frå 6.klasse klar til å søkkje brann (Foto: Petrin)

Relaterte saker:
Brannvernveka
Brannvern i 1.klasse


          
 
Til toppen