|
07.12.2009
Elevsong.
Video:
STOPP, høyr på oss!
tekst
10.06.2010
6. klasse besøker Sagstad
skule i morgon
5. klasse var på besøk på
Sagstad torsdag 3. juni, og i morgon er det 6. klasse si tur.
Vi startar dagen her på Faltøy, og etter 2. time dreg vi til
Sagstad for å vere med på møte om leirskule for 7. klasse neste
skuleår. Etter møtet vert det lunsj og storefri. Vi skal få
helse på elevar og lærarar på steget, og dei vil vise oss rundt
på skulen.
Meir og skulebesøket her
10.06.2010
Kunstutstilling på heimesida
5. klasse har hatt kunst og handverk på fredagsgruppa
etter påske, og etter kvart har dei fått fram mange flotte produkt. I dag
opnar vi utstilling med elevarbeid her på nettstaden.
Besøk utstillinga her
10.06.2010
5. klasse besøker Sagstad
skule i dag
5. klasse skal på besøk på Sagstad
skule i dag. Dei skal få helse på elevar og lærarar på steget,
og dei skal få sjå seg rundt på skulen. Det var meininga at også
6. klasse skulle vere med i dag, men dei dreg bort på tysdag i
staden, sidan det då skal vere eit møte for dei om leirskule
neste år.
Meir og skulebesøket her
27.05.2010
Innlevering av bøker
til
skulebiblioteket
Frist for innlevering av bøker
til skulebibliotek og bokbåten er satt til onsdag 9. juni. Siste
dag for utlån er måndag 7. juni.
Les meir
27.05.2010
5. klasse på 2. plass i
hoppetaukonkurranse
5. klasse kom på ein super 2. plass
i Nasjonalforeninga for folkehelsa sin årlege
hoppetaukonkurranse.
På Flatøy deltok elevar frå 3.-7. steg i konkurransen, medan dei
aller yngste var aktive hopparar utanfor konkurranse. I 5.
klasse har deltakinga vore noko varierande, men særleg to
jenter, Irenea og Amalie, har vore så aktiv at dei har klart å
presse gjennomsnittet opp til ein plassering helt i toppen i
Meland kommune.
I dag kom to representantar frå Meland helselag til skulen for å
overrekke premien på kr. 1000,-
Elevane vart sjølvsagt hoppande glade for den overraskande
premien, som dei nå må finne ut kva dei vil bruke til.
Elevar frå Vestbygd skule tok fyrste og tredje plassen i
konkurransen.
Meir om konkurransen her.
27.05.2010
Klassebilete
Fredag 18. juni kjem det fotograf
frå Casparsen foto for å ta skulebilete og klassebilete av alle
klassane.
Les meir
19.05.2010
Besøk på Sagstad
skule
Alle klassane på Flatøy skal få kome på
besøk på Sagstad skule før sommaren.
Vi skal få helse på elevane vi skal gå i klasse med frå hausten
av, helse på lærarar og sjå oss litt om rundt på skulen. Vi skal
også gjere nokon aktivitetar saman med elevane på Sagstad.
5. og 6. klasse besøker Sagstad skule torsdag 10. juni.
(Merk ny dato). Vi tek buss begge veier, og det vert ikkje
bading eller gym denne dagen.
Meir og skulebesøket her
|Heimeside Sagstad
skule|
13.05.2010
2. plass på Tinestafetten
Onsdag den 12. mai drog elevane på Flatøy skule til Knarvik
stadion, for å delta på Tinestafetten. Elevane gjorde ein
kjempeflott innsats, og vart nummer 2 i open klasse.
Les meir
11.05.2010
Tinestafetten i morgon
I morgon skal elevar frå 6. og 7.
klasse delta i Tine-stafetten på Knarvik stadion. 8 elevar har
meldt seg til å vere med å springe, og to har meldt seg som
reservar. Resten av klassen er med som heiagjeng, og skal støtte
våre spreke stafettdeltakarar.
Flatøy skule er meldt på i open klasse, der gutar og jenter
springar saman. Vårt lag skal konkurrere mot laga frå Festo,
Grasdal, Knarvik, Skodvin og Vestbygd skule
Meir om Tinestafetten her.
19.04.2010
Piet Mondrian i Kunst og handverk
Forrige veke jobba med den nederlanske kunstnaren Piet Mondrian
på fredagsgruppa i kunst og handverk.
Han arbeidet mykje med primærfargane raudt, blått og gult saman med
svart og kvitt.
Elevane i 5. klasse lot sg inspirere av den kjende kunstnaren,
og malte flotte sjølv komposisjonar. Sjå
våre eigne "Mondrian bilete" her.
19.04.2010
Bokbåten kjem i morgon
Tysdag 20. april kjem bokbåten Epos igjen til Flatøy. Det vert ope
bibliotek frå klokka 11.30-14.00.
Mellomsteget skal sjå framsyninga "Rødhette
og ulven" klokka 12.30. Etterpå vert det boklån.
Hugs å ta med bøker du lånte
i haust.
10.03.2010
Elevundersøkinga i vår
I vår skal alle elevane på
mellomsteget delta i Elevundersøkinga.
Føremålet med undersøkinga er at elevane skal
få seie si meining om læring og trivsel på skolen.

Det er frivillig å svare på undersøkinga, og du kan velje å
hoppe over spørsmål dersom du opplever nokre av dei som
ubehagelege, eller det er nokre spørsmål du ikkje vil svare på.
På Flatøy tar vi sikte på å svare på undersøkinga i løpet av
april månad.
Meir om elevundersøkinga her
24.02.2010
Stor
stemning på Flatøy MGP
Siste fredag før vinterferien var det som vanleg Melodi Grand Prix for
elevane på Flatøy skule. Ca 10 innslag var meldt inn til den store
finalen, og som tidlegare år var konkurransen prega av høgt nivå og stor
variasjon.
Les meir.
15.02.2010
Konsert på Grasdal: Harding
baroque
Den 11. februar var 5 – 7.klasse ved
Flatøy på konsert på Grasdal skule. Der var det ein konsert som
viste møte mellom hardingfela og barokk-musikk.
Les meir om konserten
her
08.02.2010
Brannvern på
timeplanen
Torsdag hadde 6. klasse besøk av Frode
Langeland frå brannvernet i Nordhordland.
Dei fekk ei nyttig teoretisk innføring i brannvern, og på
slutten av dagen fekk dei også prøve seg som brannslukkarar.
Les meir
25.01.2020
Harding Baroque
Torsdag 11. februar skal
mellomsteget igjen til Grasdal skule for å delta på
kulturarrangement i regi av DKS.
Denne gongen heiter konserten Harding-Baroque, og vi får møte
musikarane Jostein Stalheim, Benedicte Maurseth og Sigrid
Egtvedt. Stikkord for konserten er
Harding-Baroque "kva som skjer når hardingfela møter
barokkmusikk?".
Klassen har motteke cd og undervisningsopplegg slik at dei kan
førebu seg godt til konserten.
Meir om konserten her
20.01.2010
Brannvernundervisning på 6.trinn
I tidsrommet 26. januar til 12. mars kjem
brannvernet til å vitje alle elevar i 6. trinn i Nordhordland.
Undervisninga vil vare i 3 timar, og innehalde både teori og
praktisk opplæring.
6. klasse på Flatøy får besøk frå NGIB torsdag 4. februar
klokken 09.00.
15.01.2010
Kjekt møte med forfattaren Atle Hansen
Onsdag var heile
mellomsteget på Grasdal skule for å møte forfattaren Atle
Hansen. Han las frå boka si "Den svarte oksen".
Les meir
11.01.2010
Framsyning på onsdag:
Den svarte oksen
Gisle høyrer lydar i skogen, som om nokon kviskrar namnet hans..
Onsdag skal 5.-7. klasse på framsyninga "Den svarte oksen" på
Grasdal skule.
Programmet/framsyninga er basert på boka med same tittel,
og forfattar Atle Hansen tek i bruk både opplesing, musikk,
lydeffektar og enkel lyssetjing. Hovudvekta vil likevel vera på
det litterære.
Les meir om framsyninga her
06.01.2010
Flotte
koppar til jul
Elevar i 6. og 7. klasse på Fredagsgruppa i kunst og handverk
jobba en periode med leire i november og desember. Ein av
oppgåvene var å lage sin eigen personlege kopp.
Les meir
06.01.2010
Skøyteis på Fossemyra
Flott skøyteis på Fossemyra i desse
dagar. Kulda skal halda seg både over helga og utover i neste
veke, så her er det berre å finna fram skøytene!
18.12.2009
Laga herleg pizza på uteskule
I dag stod det pizza på
menyen då elevar frå 6. og 7. klasse skulle ha mat og helse ute
i Hundremeterskogen.
Les meir
10.12.2009
Øv på gongetabellen
Her er to gode nettsider der
du kan øve på gongetabellen:
|Gongemeistaren|
|Gongetabellen1|
|Gongetabellen2|
27.11.2009
Fin adventsamling
Fredag 27. november hadde vi årets
første adventsamling her på skulen. Heile skulen var samla i
Nord-stova, og det var elevane i 5. og 6. klasse som hadde
ansvaret for samlinga.
Les meir
27.11.2009
Vellukka leseaksjon
Leseaksjonen vart avslutta i
dag. Det vert rapportert om stor innsats og leseglede.
Les meir
09.11.2009
Leseaksjonen er i gang!
Leseaksjonen
2009 er i gang på Flatøy skule. I heile november månad skal vi kose
oss med bøker av mange slag og på mange vis.
Les meir
02.11.2009
Bokbåten kjem på torsdag
Torsdag 5. november kjem bokbåten Epos igjen på besøk til Flatøy. Heile
skulen skal besøke båten og låne nye bøker.
Elevane på mellomsteget skal ombord på det flytande biblioteket kl
13.00.
Hugs å ta med bøker
for innlevering!
Les meir
26.10.2009
Kjempeflott innsats
i solidaritetsløpet
Etter fin FN-markering på skulen fredag, var det i
dag klart for solidaritetsløp for elevane på Flatøy skule. Innsatsen
var stor blant samtlege elevar, og totalt vart det sprunge 356 rundar
i solidaritets-løypa. Elevane i 5. og 6. klasse stod for 63 av desse.
Les meir
21.10.2009 Innsamling til Redd Barna på FN-dagen
Redd barna har eit skuleprosjekt som dei kallar
"ABC redder barna". Hensikten
med prosjektet er at alle barn rammet av krig og konflikt får
tilgang til et godt skoletilbud. Redd Barna skal sikre at åtte
millioner barn får relevant og god skolegang innen 2010. For tre
millioner barn blir dette deres første mulighet til å gå på skole i
det hele tatt.
Gjennom
innsamlingsaksjonen her på skulen fredag og måndag, kan elever og
lærarar hjelpe barn i nød slik at dei kan få gå på skule.
Klassen
synger
Les meir om
"ABC redder barna" her

25.09.2009
To supre dagar saman med fadderane
Fredag 11. september
vart 1. og 2. klassen inviterte på fadderfest hjå 5. og 6. klasse. På
førehand hadde dei fått fine handskrivne invitasjonar hjå fadrane
sine.
Les meir
21.09.2009
Nasjonal prøve i rekning fredag
Fredag er det klart for den siste av dei tre nasjonale prøvane på 5.
trinn, og no er da rekning da gjeld. Prøven i rekning er digital, det
vil seie at den skal gjerast på data.
Det er mogleg å trene på ulike oppgåver til prøven, og det kan du
gjere ved å klikke på lenken under.
Eksempeloppgåver rekning
16.09.2009
Nasjonal prøve i lesing i morgon
I morgon skal alle elevar i landet på 5tgåve.
På Flatøy statar vi dagen med prøven, og drar til Meland Aktiv og
Folkehøgskulen etterpå for å ha kroppsøving.
Meir om nasjonale
prøvar
4.09.2009
Torsdag er Kroppsøvingsdag!
Kvar
torsdag drar heile skulen til Meland aktiv og Nordhordland
folkehøgskule for å ha kroppsøving.
Les meir
12.08.2009
Nasjonale prøver på 5. årssteg
I september skal 5.årssteg
gjennomføre nasjonale prøver i lesing, regning og engelsk.
Fredag 4. september vert det elektronisk prøve i engelsk. Torsdag 17.
september er det "papirprøve" i lesing på norsk. Elektronisk prøve i
rekning er lagt til fredag 25. september.
Les meir om
nasjonale prøver
Eksempeloppgåver
22.06.2009 Velkommen til nytt skuleår!
Onsdag 19. august starter skulen opp igjen etter sommarferien. Vi ønskjer
alle elevane i 5. og 6.
klasse velkomen tilbake til eit nytt lærerikt år
på Flatøy skule.
|