Tilbake til 7.klasse

   Hovudside Flatøy skule   

 
  Flatøy skule vant basketturnering
Publisert 15.02.2010
 
7. klasse frå Flatøy skule var i år invitert til Salhus skule for å delta i den årlege basketturneringa for fådeltskulane i Bergen kommune. Våre flinke elevar vant like godt heile turneringa.
   

Tekst: David Flatøy    Foto: Jon Henning Straume

Det var åtte lag som skulle konkurrere om å vinna basketballturneringa i Salhus si gymsal. Denne turneringa har holdt på i fleire år, men Flatøy Skule var debutantar i år. Det var mange harde dueller, mykje bra spel og ikkje minst veldig mykje flotte mål.
Ein måtte minst ha innpå to av kvart kjønn heile kampen, og ein måtte ha innpå 5 spelerar. Det var Flatøy Skule som vant heile turneringa etter å slått Nordvik i finalen. Skulane som var med var Haugland, Trengereid, Krokeide, Riple, Helldal, Salhus, Nordvik og Flatøy.

Det var sal av drikke og mat under heile turneringa. Det var gøy og få delta på ei så flott turnering, - spesielt for Flatøy som var med som debutantar.

KAMPRESULTATA:
Flatøy - Haugland  5 - 2
Flatøy - Krokeide   6 - 8
Flatøy - Helldal
FINALE:
Flatøy - Nordvik    11 - 4

Meir om saka på heimeside for Salhus skule    Før kampen!


         
 
Til toppen