Hovudside Flatøy skule   

 
  SKULEBIBLIOTEKET
Publisert 23.03.2010
 
Velkomen til skulebiblioteket på Flatøy skule. Du finner biblioteket i fyrste etasje, midt i skulen hjarte. Biblioteket er ope kvar dag i skuletida.
   

27.05.2010 Innlevering av bøker før sommaren
Ettersom skulen vert lagt ned til sommaren, er det ekstra viktig å få levert inn alle bøker som er lånt frå skulebiblioteket i god tid. Dette gjeld både bøker som er lånt frå bokbåten (Fylkesbiblioteket) og skulebiblioteket. Frist for innlevering er onsdag 9. juni.
Det vert ikkje utlån av bøker etter måndag 7. juni.

03.05.2010 Leseaksjon med fagtekstar
Heile skulen gjennomførar i desse dagar ein leseaksjon med fokus på fagtekstar, og elevane i 1. og 2. klasse arbeidd med tema "steinar".
Les meir

22.04.2010 Verdas bokdag i morgon
I morgon, fredag 23. april er det Verdas bokdag. Dagen vert markert på skulen med god bok og lesestund på alle steg. Kanskje kjem der ei lita overrasking også?
Les meir

22.04.2010 Moro med besøk på bokbåten
Tysdag hadde elevane ved Flatøy skule gleda av å få besøk av bokbåten Epos. Alle elevane, frå 1. – 7. klasse, var på plass ved kaien på vest for å levere inn og låne bøker.
Les meir

3.03.2010 Bokbåten Epos kjem til Flatøy
Tysdag 20. april kjem bokbåten Epos igjen til Flatøy. Det vert ope bibliotek frå klokka 11.30-14.00. Programmet startar kl. 12.30, og denne gongen er det forestillinga "Rødhette og ulven", av og med Eva Mørkeset, som står på plakaten.
Programmet passer for barn frå 2-12 år.
Hugs å ta med bøker for innlevering på bokbåten.
Elevane på småsteget låner bøker frå kl. 11.30 til 12.30. Elevane på mellomsteget frå kl. 13.00 til 13.45.
Andre besøkande leverer inn og låner bøker frå kl. 11.30 til 12.30.

27.11.2009 Vellukka leseaksjon
Leseaksjonen vart avslutta i dag. Det vert rapportert om stor innsats og leseglede.
Les meir

16.11.2009 Spanande leseaksjon
Leseakajonen er godt i gang, og i dag var det leseverkstad på skulen. Elevane vart delt i grupper, og dei fekk vere med på spanande leseaktivitetar rundt på skulen.
Les meir

21.09.2009 Nyttig å lytte til lydbok?
Kan høgtlesing og lydbøker styrke elevane sitt språk- og leseferdighet?
Les meir her


20.06.2009
Hugs innlevering til skulebiblioteket
Hjelp oss å halde orden på biblioteket vårt. Vi saknar framleis mange bøker på skulebiblioteket. Hugs å levere inn bøker før skuleslutt.

Til gamle sider for skulebiblioteket


           
 
Til toppen